top of page

Premiere! "Toner frå Søljåsen" laurdag 28. og sundag 29. mars kl. 18. Bestill billettar på Vipps # 821598 innan 26. mars for begge forestillingane. Parkering på Hamran.

Sigrid Stubsveen,
foto K.Gransletten

Kjerstina Øverland

 

Kven var Kjerstina Øverland?

Det er spørsmålet fire nord-østerdøler driv på med i desse dagane!

Folkemusiker Sigrid Stubsveen frå Engerdal saumfær musikkarkiva på jakt etter melodiar knytta til Kjerstina og tida ho levde i; tolging og eigar/drivar av Ivaregga Rønnaug Storrusten les side opp og side ned i kyrkjebøker og folketeljingsprotokoller for å kartlegge Kjerstinas liv; og vingelsing Kjell  Gransletten og skapvingelsing Rolf Norsen syr det heile saman på same vis som da dei

skapte suksess musikalen «Marius!».

Resultatet av innsatsen kjem  28. mars, da det blir premiere på

«Toner frå Søljåsen: En kveld med Kjerstina Øverland 1877-1967» på Ivaregga.

 

Men, kven var Kjerstina Øverland?

Født på Kirkbakk i Tolga, og frå barnsbein av, vart ho godt kjent i sætertraktene i Tolga. 

Ho lærte å spela fele av faren og broren, gitar og mandolin frå systera.

Ho lokka og song viser og fylte omgjevnadene med musikk. Ho vart tidleg enke,

for så å halde ut som hushalderske for den fargerike Per O. Eggen («Ivarbruken») i femti  år,

ho var mor til Bjarne Øverland som spelte i Tolga-Tusseladdene, og ho var den  Egil Storbekken gjekk til når det gjaldt sang og lokk på stevner og radioprogram han dreiv på med.

Forestillinga, der Sigrid i einsam majestet herjer med fela si i over ein time (avbroti nå og da

med litt setermat og ein smak på kransekaka for alle som blir med på bruremarsjen) -

finn stad i fjøset på Ivaregga, der Kjerstina i si tid skofta fjøsstellet heile tre

gonger på femti år, men som for lengst er blitt gjort om til eit  kjempekoseleg selskapslokale av

Rønnaug Storrusten,  og som nå har vorti intimteater.

Men pass på! Intimt er nøkkelord! Når publikum nummer 45 har funne plassen sin, da er det ikkje plass til flere! Så ikkje ta nokon sjanse!

Finn ein kveld og bli med Sigrid og Kjerstina tilbake i tid på Ivaregga! 

 

Parkering på Hamran. Bestill billett for begge kveldane på Vipps #821598 innan 26.mars. 

   Manus og regi ved K.Gransletten og R. Norsen. 

   Stor takk til Kulturrådet og Innlandet fylke som                    har gjort dette mogleg!

Vinterstua passar til små grupper, og blir også brukt til

overnatting.

Steinbukken er ein liten butikk.

Stenfjøset passar til større grupper. Og her får overnattingsgjestene frokost!

For small groups, also used for accomodation.

A little shop.

For larger groups, and breakfast for the overnight guests.

Digital-Award-TRA-2025.png

OPPSUMMERING:       
28. OG 29. MARS KL.18
PARKERING PÅ HAMRAN
BETAL PÅ VIPPS #821598 INNAN 26. MARS   
SI NAMNET DITT NÅR DU KJEM, FINN DEG EIN PLASS,OG GLE DEG TIL EIN KVELD MED KJERSTINA!

 

olavsrosa-300x300.jpg

     Ivaregga fekk i 2023

det nasjonale kvalitetsmerket

    Olavsrosa av  stiftelsen 

          Norsk Kulturarv.             

          Valknuten er

eit gamalt symbol for vern.     

Olavsrosa er eit varemerke

   for opplevingar rotfesta

    i den norske kulturarven. 

     rstorrust@gmail.com 

     +4799455820,

  Gammelvegen 32 og 34,

      2540 Tolga

bottom of page