Særpreg, kultur, atmosfære ~~ Ska ~~ IVAREGGA SKA
                    ~~  Uniqueness, culture, atmosphere  ~~ 

Særpreg, kultur atmosfære-
opplev Stenfjøset, Vinterstua og Steinbukken på Ivaregga.
 møter, overnatting..

Ska- særpreg, kultur, atmosfære.

Tolgen Hytteplass omkring 1870. Midt i bildet er hyttstuggu med klokka på taket, mot høgre eit stort hus med oppbygd møne som er vendrøsthytta. Smeltehytta ligg til høgre for den. Bildet frå Ivaregga er frå rundt 2005.
Centrum of Tolgen around 1870. In the middle of the picture is "hyttstuggu", a building for the administration of the smelting-process.  "Vendrøsthytta" is behind "hyttstuggu", and the smelting house is to the right for "vendrøsthytta". 

Litt om historia til Ivaregga.

Ivaregga ligg sentralt i eit samanhengande kulturlandskap som strekkjer seg frå Ivaregga og forbi kyrkja. Busetnaden i Gata og oppe ved kyrkja er bygd på terasser i landskapet,og dei tette husklyngene vart grunnlagt i samband med med verksemda i smeltehytta på Tolga. Denne byggjemåten gjev området særpreg, og området er av *nasjonal betydning.

Ivaregga har historia attende til slutten på 1600-talet, då plassen vart rydda. Den var lenge ein husmannsplass under koparverket på Røros. 


Bildet er frå "kontobog" for Tolgensgaards meieri i 1895  I februar har Marit Toresdatter levert 385 kg. mjølk, i mars 692 kg. Ho kjøpte att 2,5 kg smør i mars dette året. Prisen for 1 kg mjølk i mars var 5,6 øre. Ein kilo smør kosta kr 1,36.


Generasjonane som har budd på Ivaregga: 


A. Ole Hansen født rundt 1645.


B. Sonen Hans Olsen født omkring 1668.


C. Ole Hansen, født 1702, gifter seg  med Gjertrud Eriksdatter Røseplass i Tolga 28.oktober i 1735. Han var byggmester, og levde til 29.09.1752. 


D. Peder Andersen Jamt blir neste generasjon på Ivaregga. Dette er ei anna slekt. Han er gift med Anne Olsdatter Tolgensli, og født omkring 1690 i Sverige antageleg. Han lever ikkje lengre enn til rundt 1730. 


E. Iver Pedersen Jamt, sonen til Anne og Peder, født rundt 1726. Han gifter seg i Tolga 14. juli 1752 med Kari Estensdatter Østgård frå Dalsbygda. Han lever til 1798, medan Kari blir 90 år, ho lever til 14.02.1818.


F. Peder Iversen er ein av borna til Iver og Kari, født rundt 1753, gift med Marit Mortensdatter Storbækken den 20.juli i 1780. Ingen born i ekteskapet. Dei blir 82 og 80 år gamle, og dør i 1834 og 1830. 


G. Sigrid Jonsdatter Øverby, niesa til Peder Iversen, født 20.11.1796. Ho gifter seg med Ole Olsen Olsgård (født i 1786) den 22.juni 1821 i Tolga. Dei dør begge i 1848. 


H. Peder Olsen Eggen født i 1822 reiser i 1851 til Amerika. Han har Ivaregga frå 1848 til han reiser. 


I. Ole Olsen Eggen (1824-1893), gifta seg 6.juni 1865 med Marit Toresdatter Døljogård. Ekteskapet var utan born. Marit levde til 17.april 1914. 


J. Peder  Olsen Døljogård ( 1863-1956). Han er brorson til Marit Toresdatter. Han er ungkar, og sønen til Kjerstina Øverland, som er husholderske på Ivaregga, tek over Ivaregga.


K. Bjarne Øverland (1903-1974), gift med Synnøve Gulbrandsen, tok over Ivaregga i 1953.


L. Staten. Bjarne Øverland sel garden til staten i 1975.


M. Tolga kommune overtek Ivaregga i 1978. 


N. Rønnaug Storrusten kjøpte tunet på Ivaregga i 1998. Garden blir delt opp, kommunen beheld jorda. Jordvegen blir brukt til eit sportsanlegg. 


* Per Hvamstad, 30.04.2004 Takk til Marie Tollan for opplysningar om dei som har budd på Ivaregga.